fredag 2. juli 2010

Mannakorn frå GT.


Mannakorn:
Eitt vers frå kvart kapittel i Genesis – 1. Mosebok. Dei er og kjem også på Facebook.
Miniandaktar av Nils Dybdal-Holthe.

1) I begynnelsen skapte Gud himmelen og jorda. 1. Mos. 1, 1. Slik tek bibelboka til. Og me er ein del av Guds skaparverk, og ikkje av ei naturleg utvikling gjennom millionar av år. Gud sjølv laga oss. Han tala og det stod der. Det gir oss frimot og glede, for han har ein plan med det han gjorde. Livet vårt er ikkje tilfeldig, me er ein del av Guds plan.

2) Ordet i dag er frå 1. Mos. 2,17. Gud talar til dei nye menneska og seier: Du kan eta av alle tre, men ikkje dette eine. Han prøver dei om dei vil høyra og lyda orda hans. Gjer dei ikkje det, skal dei døy. Og Herren Gud held alltid ordet sitt. Det skjer det som Han har sagt uansett. Denne sida ved Guds ord må me og ta med oss, då vil han velsigna rikeleg.

3) Denne dagen vil eg visa eit vers frå 1. Mos. 3, 15: "Han skal krasa hovudet ditt, og du skal krasa hælen hans." Det er kalla det første evangelium. Jesus Messias skulle knusa slangen, medan slangen berre skulle skada hælen til Messias, dvs. hans menneskeliv. Det viser til Golgata, der vart grunnlaget for vår frelse ordna. Lat det vera ein grunntone gjennom denne dagen.

4) Den første ofringa finn me i 1. Mos. 4. Kain og Abel ofra, men dei var heilt ulike. Det eine vart godkjend av Gud, medan det andre vart vraka. Ikkje all gudsdyrking er ekte. Abel ofra i tru (Hebr. 11), han sett si lit til Gud. Berre den vegen fører fram. Det er slik nå og. Berre ved tru, sa Luther. Det er bibelsk tale.

5) I kap. 5, 24 i 1. Mosebok står det om Enok at han vandra med Gud. Det må vera uttrykk for eit godt og indre liv med Gud sjølv. Det er å leva i tru og få frelsa av nåde utan at me sjølve har fortent noko. Gud tok han til seg, står det. Han fekk koma heim til Guds himmel. Det er også vårt mål.

6) Noah fann nåde for Herrens augo, står det i 1. Mos. 6, 8. Han var den einaste i si tid som det er sagt om. Folket elles levde eit verdsleg liv utan Gud. Han hadde funne nåde, ikkje fortent det. Guds nåde er alltid gratis, og du får heile Guds rike som gåve. Nå ber han deg og om å slå lag med Noah – ved tru på Jesus.

7) Herren lét døra att, 1. Mos. 7, 16. Folket hadde synda, og då kom Gud med dom. Men han opna ein veg for sine: Dei kunne gå inn i arka. Berre dei rettferdige var der inne (v. 1). Berre Noah og hans familie. Då dei var komne inn, lukka Gud døra. Nådetida var slutt. Slik vil det ein gong bli i heile verda. Er du innafor då?

8) Noah bygde eit altar, står det i 1. Mos. 8, 20. Slik ville han takka og tilbe Gud for at han vart berga. Han brukte berre reine dyr og fuglar til offeret. Slik vil Gud ha det. Lat oss og byggja eit bønealtar der me bur, takka og tilbe Han for frelsa. Og så la livet vårt vera reint, alltid reinsa i Jesu blod og leva livet til Guds velbehag. Då er du på trygg veg.

9) I kap. 9, 13 seier Herren: Eg har sett bogen min i skya. Du har kanskje sett at profilbiletet mitt her på Facebook er eit vakkert landskap, med regnbogen over. Det er teiknet på Guds truskap og pakt. Han seier i v. 11: Aldri meir skal det koma ein vassflaum og øydeleggja jorda. Når du synes alt er tungt og motgangen svær, skal du ”sjå” på regnbogen og hugsa lovnaden Gud gav. Løftene kan ikke svikte.

10) I 1. Mos. 10 finn me ei slektstavle for Noah sine tre søner. Jødane har alltid vore nøye med å føra slektsregister. Dei måtte vie at dei var jødar og kva stamme dei høyrde til. I denne lista finn me m. a. Shem. Etter han har semittane namnet sitt, m.m. jødane. Han er kalla stamfar til alle Ebersborna, det er hebrearane, v. 21. Slik skulle me og vera nøye med vår slektstavle. Er me av Guds ætt?

11) Lat oss byggja ein og by og eit tårn, står det i 1. Mos. 11, 4. Dei ville gjera seg eit namn. Det var store tankar som låg bak. Babels tårn er bilete på at menneska vil vera store. Det er frukt av syndefallet. Så byggjer folk tårn på ulike måtar for å heva seg opp mot Gud. Då greip Gud inn og øydela menneska sitt verk. Det skal han gjera til slutt med alle folk.

12) I deg skal alle ætter på jorda velsignast, sa Herren til Abraham. 1. Mos. 12, 3. Han såg berre litt av denne velsigninga. Oppfyllinga kom først med Messias, Guds Son. Nå kan alle som trur på Kristus, få del i den største velsiginga som finnest: Frelse frå synd og tilgang til himmelriket. Me kan ikkje tenkja oss noko større. Eg må spørja: Er du av dei som er velsigna slik?

13) Dreg du til venstre, så dreg eg til høgre, sa Abraham til slektningen Lot, 1. Mos. 13, 9. Her viser han eit fint trekk som menneske og gudsmann. Abraham hadde fått lovnad på alt. Nå gir han den andre høve til å velja først. Mange tenkjer nok først på seg sjølv og kvar som batar oss. Bibelen er klar: Ingen må berre sjå på sitt eige, Fil. 2, 4. Det må vera målet vårt.

14) Melkisedek var prestekonge, 1. Mos. 14. Han er bilete på Messias og er nemnd i Salme 110, 4 og Hebr. 7. Han velsigna Abraham, og det var ei velsigning frå Den Høgste Gud, v. 19. Jesus er også vår øvsteprest som sona synda og vår konge som styrer alt. Ei stor velsigning me truande har fått, er syndeforlatinga. Han reinsar oss frå alt vondt. Du har vel teke imot det?

15) Mannakornet i dag er frå 1. Mos. 15, 6: ”Abraham trudde Herren…” Slik vart han rettferdig og frelst. Det var ikkje på grunn av ein einaste ting han sjølv hadde gjort, ikkje bøna, viljen til å leva rett eller offer. Nei, Abraham høyrde Gud tala, v. 1 og 4f. Og det trudde han. Det er vegen for oss og alle andre. Tru på Jesus, så blir du frelst. Apg. 16, 31.

16) Sarai sa: Gå inn til trælkvinna mi. 1. Mos. 16, 2. Her tek Sara saka i si eiga hand og har ikkje tid til å venta på Gud. Dermed var det synd. Det var ikkje slik Gud ville at ætta til Abraham skulle bli. Hagar sin son var Ismael, og frelseslovnaden var ikkje knytt til han. Det gjaldt Isak, han var fødd etter lovnad frå Gud. Det fylgjer aldri sann velsigning med å gå sine eigne vegar. Lat oss lytta til Guds ord, og fylgja det.

17) Eg vil gjera ei pakt. 1. Mos. 17, 2. Ei pakt er ein avtale. Somme gonger lovar begge partar å gjera sitt. Sjølve pakta er her einsidig. Gud skal gjera alt. Guds lovnad er stor. Abraham skal verta far til mange folk, og Gud skal vera deira Gud. Folket skal få Israels land til eige, står det. Det gjeld folket etter Isak, v. 21. Bibelen gir altså Israels folk rett til Israels land. Det ordet kan ingen ta frå dei.

18) I kap. 18 finn me Abraham i djup bøn for ein gudlaus by og eit syndig folk. Han ber igjen og igjen om at Gud skal spara byen, heilt ned til ti rettferdige. Og Gud sa: Då skal eg spara byen. Men så mange var det ikkje. Øydelegginga kom. Me som Guds born i vårt land ser gudløysa ikring oss kvar dag. Skal ikkje me be meir om land og folk? Vil du og be – sterkt for folket?

19) Røm for livet, 1. Mos. 19, 17. I  1930-omsetjinga stod det: Fly for ditt livs skyld! Det var engelen som ropte til Lot. Domen kom over Sodoma, vil du bli berga, må du røma nå! Det hastar. Lot svara fyrst: Å nei. Slik er det med mange nå også. Denne verda heng så fast i folk. Det åndelege får venta. Høyrer du ennå ein gong: Røm for livet, inn til Jesus. Der er ei ferdig frelse som ventar.

20) Abraham sa om Sara: Ho er syster mi. 1. Mos. 20, 2. Slik hadde han tala i Egypt og, kap. 12, 13. 15. Men det var ikkje rett. Dei var i slekt, men saka her er at ho var kona hans. Han brukte løgn. Han tenkte berre sine eigne tankar, v. 11. Herren vil me skal tenkja som han, og det er bibelske tankar. Våre tankar og vilje fører til synd og skam. Lat det vera ei åtvaring til oss alle nå.  

21) Herren såg til Sara, 1. Mos. 21, 1. Ho kunne ikkje få barn, og ho var gammal. Det såg vonlaust ut for dette ekteparet. Då greip Herren inn og gjorde eit under. Isak var frukta av det. Det er underleg når Gud grip inn, for han gjer ofte det umogelege. Då viser han at Han er Gud.

22) Abraham ofre vêren i staden for son sin, 1. Mos. 22, 13. Han var viljug å ofra alt for Herren. Då fekk Abraham sjå ein annan måte: Ei skulle ta Isak sin plass. Vêren døydde, men guten gjekk fri. Er ikkje det eit sterkt bilete på det Gud gjorde på Golgata: Jesus gjekk i døden i vår stad, vart vår ”stedfortredar”. Alle som trur på Jesu gjerning, blir frelst frå synd og dom.

23) Ein framand og utlending er eg, seier Abraham i 1. Mos. 23,4. Han kom frå eit anna land, men fekk Kana’an av Herren. Med oss er det på same måte. Som kristne vert me aldri heime her i ei syndig verd. Me er framande, på veg mot himmellandet. Lat oss aldri gløyma det!

24) Ved kveldstid gjekk Isak ut på marka for å ha ei stille stund, står det i 1. Mos. 24, 63. Han hadde vore ute på reis og kjende trong for stille. Difor fekk me også kviledagen, heilt frå skapinga av er den med. Lekamen og sjela treng eit pusterom for å overleva. Men den beste stille stunda for ein kristen er lønnkammeret! Gå inn der, sa Jesus. Mat. 6, 6. Kvilestunda blir ei møtestund med Gud.

25) Esau og Jakob var brør, men så ulike. Slik ringakta Esau fyrstefødselsretten, står det. 1. Mos. 25, 34. Han selde arven for litt mat. Vår ”rett” hjå Gud er å bli hans barn. Ofte ser me mange som ikkje bryr seg om det. Dei ringaktar Guds rike og søkjer denne verda. Moses valde heller å lida vondt enn å nyta synda ei kort stund. Hebr. 11. Det gjekk ikkje godt med Esau, Mal. 1, 2-3. Rom. 9, 13.


26) Isak grov opp att brunnane som Abraham hadde grave opp, 1. Mos. 26, 18. Filisterane hadde øydelagt dei. Vatn frå ein brønn var livsviktig for folket. Å fylla dei med jord var difor alvorleg og teikn på motstand. Isak hemna seg ikkje slik det ofte gjekk mellom heidningar. Tenarane hans tok fatt på nytt, og dei fann til og med nye kjelder, v. 19. Det er eit godt føredøme for oss.

27) Isak sa til Jakob: Målet høyrer Jakob til, men det er hendene åt Esau. 1. Mos. 27, 22. Jakob hadde lurt faren og med det synda. Han prøvde å vera ein annan enn den han var. Slik er hyklarane, dette ordet tyder skodespelar. Nå fekk han ein velsigning som broren skulle hatt. Han laug til og med for faren, v. 24. Og då levde han ikkje etter Guds vilje og plan.

28) Her er sanneleg Guds hus, sa Jakob i Betel, 1. Mos. 28, 17. Han er på veg til Mesopotamia, som faren hadde bede han om. Og nå får han eit møte med Gud som han aldri gløymde. Han såg himmelstigen og fekk lovnad om landet som Abraham hadde fått. På bakgrunn av synda hans var det rein nåde. Me er i grunnen i same båt. Me har ingen rett, men får alt som gåve av Gud.

29) Kvifor har du lurt meg? sa Jakob til Laban, 1. Mos. 29, 25. Han elska Rakel, men fekk søstera Lea. For å få Rakel måtte han tena sju år til. Han blei lurt av verfar sin, slik Jakob sjølv hadde lurt sin far, kap. 27, 36. Me må ofte betala for synder me har gjort. Det er ikkje straff i vår meining. Gud vil læra oss noko ved det, at synd er galt også reint menneskeleg.

30) Gud har dømt, han har høyrt bøna mi, 1. Mos. 30, 6. Slik talar Rakel. Ho hadde ikkje born, medan søstera fekk fleire. Ho trudde det skulle skje ved ei surrogatmor, som Abraham og Sara, 1. Mos.16. Men Gud kom også Rakel i hug og høyrde bøna hennar slik at ho fekk born, v. 22ff. og kap. 35, 17f. Dei skulle læra å venta på Guds time, det er ofte vanskeleg for oss.

31) Bryt opp no, 1. Mos. 31, 13. Tida var komen då Jakob skulle dra heim att. Det var ikkje lett. Han fekk strid med verfar sin om eigedomen. Men heim måtte han, det var i Kana’an han skulle bu. Difor gjorde han seg reiseklar, v. 17. Alle menneske er på reis gjennom livet. Spørsmålet er no om du og eg er reiseklar? Er me på veg til himmellandet? Jesus er vegen dit.

32) ”Eg slepper deg ikkje utan at du velsignar meg.” 1. Mos. 32, 26. Det var Jakob som kjempa med Guds engel. Og kampen er bøna. Han stridde med engelen og vann, skriv Hoseas. Han gret og bad om nåde, ja, han møtte Gud, står det. ”I bøna verkar Guds Ande, i bøna ligg Guds eiga kraft,” skriv Fjellstedt. Den vil eg ikkje sleppa frå meg, sa Jakob. Her kan me fylgja han. Då får me velsigning.

33) Jakob gav Esau gåver. ”For Gud har vore god mot meg, og eg har nøgda av alle ting,” 1. Mos 33, 11. Dei hadde vore fiendar etter Jakob sitt svik. Nå kappast dei om å hjelpa kvarandre. For Jakob var det uttrykk for Guds nåde. Gud hadde vore god trass i sviket hans mot far og bror. Også her er me i same båt som han: Frelst av berre nåde.

34) Ei underleg hending er omtala i kap. 34. Der er både synd og kjærleik omtala. Det gjeld Sikem og Dina. Hovdingsonen Sikem elska Dina, hjarta hang ved henne og han tale til henne i kjærleik, v. 3. Han tala til hjarta hennar, står det. Men han krenkte og vanæra henne. Det enda med svik og hemn og drap. Synd er ikkje Guds born verdig.

35) Gud tala med Jakob og ber han dra til Betel. 1. Mos. 35, 1ff. Jakob var viljug og gjekk. Og då sa han til husfolket: ”Få bort dei framande gudane som finst hjå dykk! Reinsa dykk og byt klede.” Og Jakob begrov avgudane. Ingen av oss kan leva med Gud på same tid som me har avgudar, jfr. 1. bodet. Synda og verda må bort og gravast ned. Det var då det otte over folket – når dei levde heilagt.

36) I kap. 36 er ætta åt Esau rekna opp. Det er broren Jakob si slekt som vart den bibelske. Esau var utafor. Men også han hadde samla seg mykje godt og husdyr. Landet var lite og husdyra mange, slik at det ikkje var plass til alle i Guds land. Difor for han til eit annan land, v. 6f. Guds rike høyrer Guds folk til, dei andre må vera i eit anna land! Guds rike og verda kan aldri sameinast.

37) Frå kap. 37 i 1. Mosebok handlar særleg om Josef. Det er ei fin og merkeleg soge. Han var særleg elska av far sin, og det fekk han motbør for.  Som om han kunne hjelpa for det! Brørne hans kasta han ned i ein brønn, og det var den visse død. Gud ordna det slik at det kom nokre handelsmenn som skulle til Egypt. Så selde dei broren og trudde alt var over med det. Men Gud har ein lang plan.

38) Dette kapitlet er ein parentes i soga om Josef. Det handlar om Juda sine søner. Her er også synd og lyst blanda saman slik det ofte er i menneskelivet. I kap. 49, 4ff finn me Jakobs velsigning og profeti om Juda. Kongane tilhøyrde denne stamma, og nett der finn me profetien om Fredsfyrsten, Messias. Det er døme på at alt er av nåde i Guds rike.

39) ”Korleis skulle eg då gjera så stor ein vondskap og synda mot Gud?” 1. Mos. 39, 9. Josef vert freista til synd av kona til Potifar. Men Josef er ein rettvis og gudfryktig mann. Det hende fleire gonger, men då flykta han. Potifar sette han i fengsel, men ”Herren var med Josef,” v. 21. Slik er det for ein som vil leva rett for Gud. Det kan kosta noko, men Gud er med.

40) Han gløymde Josef, kap. 40, 23. Å gløyma er svært vanleg, og det aukar visst på med åra. Her gjeld det Faraos munnskjenk som gløymde Josef då han sjølv kom ut or fengslet. Han var nok så oppteken av seg sjølv og sin nye stilling, at fangen Josef vart borte for han. Me kan óg gløyma, både den stille stunda med Gud og våre tidlegare vener. Det gjekk heile to år før munnskjenken minnest det. 41, 1 og 9.


41) Farao har to draumar. Josef skal tyda dei. Nå viser han seg audmjuk: ”Det står ikkje til meg, Gud skal gje eit svar,” v. 16. Om lag på same måte svara Daniel i Babel, Dan. 2, 34. Slik er det med alle sanne kristne. Me har ikkje noko i oss sjølve. Visdom og vit og kraft – alt er av Gud. Det er når me gir han all ære, at noko skjer i Guds rike. Gud kan berre bruka dei små.

42) Josef ”let som han var framand for dei,” 1. Mos. 42, 7. Josef kjende brørne sine att, men dei kjende ikkje han. Og han ville ikkje ennå visa kven han var. Han måtte prøva dei ei stund. Difor skjulte han seg for dei nå. Det hender Gud må gjera det med oss og. Han vil sjå om me vil vera hans born i sanning, både i vonde og gode dagar. Om du har motgong no, vil du snart sjå lys i tunellen.


43) ”Josef skunda seg bort, for hjarta hans brann av kjærleik til broren,” 1. Mos. 43, 29. Josef har ennå ikkje vist kven han var. No møtte han og Benjamin, heilbror hans. Då vart han gripen og makta ikkje meir. Han skunda seg bort og gråt. Tenk han skulle få oppleva det. Det utrulege hender nokre gonger, både menneskeleg og kristeleg. Og livet tek nokre gonger omvegar, slik me ser det.


44) ”Lat tenaren din vera att som træl,” 1. Mos. 44, 33. Josef set dei på prøve endå ein gong. No ville han at Benjamin skulle vera att medan dei andre reiste heim med kornet. Då står Juda fram og ber om at han kunne vera att – ”i staden for guten”. Han skjøna at faren elles ville ta det tungt. Gud vil prøva oss, om me er viljuge til å vera tenarar og ofra noko for andre.


45) ”Han såg vognene som Josef hadde sendt … og Israel sa: Eg vil fara av stad,” kap. 45, 27f. Jakob trudde ikkje at han skulle få sjå Josef att. Sønene prøvde å overtyda han om at Josef levde. Men hjarta var kaldt – heilt til han såg alle gåvene og vognene. Då vakna han. Det er ofte slik: Først når me høyrer evangeliet om Guds nåde, blir kallet klårt. Jo, ”Jesus vil ha alle, selv om niognitti var, innen folden…


46) ”Ottast ikkje for å fara ned … Eg vil sjølv gå ned med deg.” 1. Mos. 46, 3f. Jakob var nok ikkje så viss på om reisa ville lukkast. Han var gamal nå. Då tala Gud med han om natta og sa: Eg er Gud. Han trong ikkje ottast. Då fekk han óg forsikringa om at denne Gud ville vera med på reisa, heilt fram. Det same sa Jesus då han bad læresveinane om gå ut i verda som misjonærar.


47) Jakob og brørne fekk ”den beste del av landet,” 1. Mos. 47, 11. Det var i Gosen, v. 27. Josef viser omtanke for slekta si og vilje til å hjelpa dei. Nå hadde han makt til det. Far og brør skulle ha det beste som var i Egypt. Og slik hjelper Gud sitt folk. Me får det beste Gud har alt her i livet – med syndeforlating og barnekår og evig liv. Til slutt skal me for alltid bu i himmelriket. No betre finst ikkje.


48) ”Den Gud som var hyrdingen min frå eg vart til og til denne dagen,” seier Jakob på sjukelega då han velsigna Josef, kap. 48, 15. Slik hadde han opplevd livet. Heile tida hadde Gud vore der med hjelp, slik David song om seinare, Salme 23. Då Jesus kom omlag tusen år etter, kom han som den gode hyrdingen. Joh. 10, 11. Ved tru på han eig me hans hjelp kvar dag.


49) I kap. 49 har me Jakob sine ord og velsigning til kvar av sønene, dvs. stammane i Israel. I v. 28 står det så: ”Han velsigna dei, kvar av dei velsigna han med den velsigning som fall på han.”  I Guds rike får kvar av oss vår eiga velsigning. Alle Guds born får noko av Han, sjølv om ikkje alle er like. Lat oss læra å setja pris på og takka for nett det me får.


50) ”De tenkte vondt om meg, men Gud tenkte det til det gode,” 1. Mos. 50, 20. Josef seier det til brørne sine som hadde selt han til Egypt. Han var sendt i førevegen for å vera til hjelp for familien seinare. Slik handlar Gud ofte. Menneske gjer oss vondt. Men Gud vender det vonde til det gode i si tid. Det skjønar ikkje med alltid, difor er det viktig å vera tålsame.